Nordigard Ramstad
Kontaktperson:
Gudrun Ramstad
Adresse:
Skjåk Solside 500, 2690 Skjåk
Telefon:
Nettside:
E-post:
Gardsovernatting
I historisk eldhus eller leilighet i våningshuset – valet er ditt og på Nordigard Ramstad er gardsidyll garantert. Høner inkludert!
Garden vår ligg på solsida i fjellbygda Skjåk – midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjell- og matmekkaet Lom ligg ein svipptur unna – og vil du ta føtene ligg heile fjelleventyret rett utanfor dørstokken.
Historisk landhandel
Ramstadbue – sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid.
Ramstadbue er forundringskrukka som aldri sluttar å begeistre. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Nokre av dei autentiske godbitane i interiør og dekorasjon er til sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus.
Gudbrandsdalsegg og Gudbrandsdalskaku
På Nordigard Ramstad legg frittgåande høner egg med plommar gule som gull. Gudbrandsdalsegg finn du i delikatessebutikkar og lokale eggebuer – og i himmelsk Gudbrandsdalskaku bakt for hand av klinkegga.