Negarden Linge

Aktiviteter og opplevelser
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting

Kontaktperson:

Bjørn Inge Ruset

Adresse:

Linge 29, 6210 Valldal

Telefon:

Nettside:

Garden vår har historie langt attende, og namnet Negarden skriv seg frå den tida gardane på Linge låg samla i eit klyngetun. På vegen nedanfor garden er det reist ein minnestein etter krigshelten Martin Linge som vart fødd og vaks opp i Negarden.

Tunet er spesielt med høge steinmurar som fundament for tradisjonelle vestlandsbygg. Vi har lagt mykje arbeid i å halde ved like bygningane i gamal stil. I dette arbeidet har vi fått støtte frå mellom anna Kulturminnefondet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norddal (no Fjord) kommune og Norsk Kulturarv med «Ta et tak»-aksjonen.

Hans Strøm, som var prest, forfattar og naturforskar på 1700-talet, skreiv om Linge at: ”Linge er en af de smukkeste og bedste Gaarde i hele Kaldet (…)», «i en skraa Situation mod Solen, ret ligsom en Driv-Benk i en Have…”