Matstova

Gårdsbutikker
Servering

Kontaktperson:

Ruth Guddal

Adresse:

Sandvik, 6799 Oppstryn

Telefon:

Nettside:

Matstova har drive heimebakeri i over 20 år, og det var tidlegare kalla Strynefjell Draktverkstad då det vart sydd og laga genserar mm. Bygget har etter det vore bygd på 3 gonger, (sist i vinter 2014) og vi har no eit stort lokale med plass til over 100 personar. Uteområdet er også pussa opp og utvida med platting der du kan nyte maten i sola. Vi har også middagsservering i høgsesongen med heimelaga mat. Vi lagar kaker på bestilling og kan servere tre retters middag, koldtbord eller catering om du ynskjer å ha det i ditt eige lokale. Vi har ellers ope for dei som ynskjer å ha barnedåp, konfirmasjon, bursdagar, julebord eller det du måtte ønskje utanom sesongen.

Heile året bakar vi fiskelefser, kaffilefser og flatbrød som er veldig populære her i distriktet og for folk som kjem reisande. Vi sel varene våre heile året på utsalget i Stryn på Stryn Torg. Matstova i Oppstryn har ope 1. Mai der vi har vår tradisjonelle 1. Mai frukost. Der får du eit rikt utvalg av heimelaga mat. 17. Mai har vi middagsservering med blant anna sosakjøt og heimelaga kjøtkaker som er mest etterspurd. Sommarsesongen varer frå midten av Juni til midten av August.


Velkomen til oss!