Jelsa Hotell
Kontaktperson:
Cecilie Jelsa
Adresse:
Jelsavegen 73, 4234 Jelsa
Telefon:
Nettside:
E-post:
Jelsa Hotell ligg flott plassert midt i Jelsa sentrum. Jelsa er ei idyllisk bygd med ca. 270 fastbuande, og ligg lengst sør i Suldal kommune.
Hotellet er åpent heile året for overnatting m/ frukost.
Restauranten har åpent for bestillte grupper ( på 10 pers.eller fleire ) heile året.
Me har 22 dobbeltrom, dei fleste har balkong eller ute plass i tilknytning til rommet.
Hotellet har også eit , godt utstyrt, sjølv betjent kjøkken til disposisjon for overnattings gjester.
Avstand til hurtigbåt kai ( hurtigbåt til Stavanger)er 800m
Hotellrom:
Alle våre rom er designa for å gi deg eit pusterom i kvardagen. Du finn dusj, TV og gode senger på alle våre rom.
Ekstra seng : maks 2 ekstra senger pr.rom
Universal rom: Hotellet har 3 stk Universal rom. Desse er tilpassa rullestol. Du finn dusj, TV og gode senger på alle våre rom.
Kurs/ konferanserom: Me har 2 møterom eit til ca.30 pers og eit til ca.20 pers.
Restaurant:
I restauranten vår kan du oppleva kortreiste spesialitetar frå nabogardar og regionen generelt, samtidig som du får ein fantastisk utsikt over fjorden og strandstaden Jelsa. Restauranten har plass til 64 gjester
På fine dagar kan du nyte mat, drikke og fantastisk utsikt frå vår balkong.
Aktiviteter:
Der er flotte merka turløyper, badestrender og fiske muligheter. Frisbee golf bane, sandvolleyball- og fotballbane ved skuleområdet ca 15min gå avstand frå hotellet.
Jelsa har også ei nydeleg kyrkje frå 1647 og eit skulemuseum fra 1774 som hotellet kan organisere guiding til.
Det er også muligheter for besøk på Fuglestein fruktgard, der kan du handle lokalmat frå fleire produsentar på Gardsbutikken.
Hebnes vingard anbefalar me også eit besøk. Her kan du melde deg på vinsmaking i sommar sesongen.
På Jelsa finn du fleire merka turløyper, både korte, lange , bratte og lette. I 2022 fekk me ny dagsturhytte. Den er tilgjengeleg for alle, både med barnevogn og rullestol.
Hotellet / Ryfylkemuseet tilbyr utleige av «audio-guide» for ein kultur runde med «Jelsapresten». Ellers kan ein bestille eigen guide til Jelsa Kyrkje, Skulemuseet og Strandstaden, for større grupper.