Husabø Vingard

Mat-og drikkeprodusenter
Servering

Kontaktperson:

Jon Husabø

Adresse:

Strandavegen, 6863 Leikanger, 6863 Leikanger

Telefon:

Historisk sett har Leikanger vore ein fantastisk plass for frukt- og bærdyrking. Me har både god tilgang på vatn, samt lange, svale sommardagar som gjer at her har ein dyrka alt ifrå eple og pærer, til kål, bringebær, jordbær.
Klimaet her gjer at modningsprosessen går sakte, det gir ideelle vekstvilkår for frukt og bær, som trengst å modnast sakte. Me tenker at dette kan overførast til vin-verdenen, og me har då planta ca 4000 vinstokkar av ulike typar, og planen er at me skal få framifrå druer som grunnlag for produksjon av fantastisk, norsk vin!
Me har planta mest av drua Solaris, som er ei kvitvinsdrue, men me har og andre typar som Rondo, Regent, Riesling, Spätburgunder med fleire.

Me tilbyr omvising på vinmarka, der ein kan få høyra litt om historien til garden Husabø, litt om korleis det er å vera vinbonde så langt nord, og du får smaka på vinane våre. I tillegg får du sjølvsagt kjøpa fleire glas om du tykkjer det smakar bra, og vil rusla rundt mellom vinplantene med eit vinglas i handa, og kanske drøymer du om å bli vinbonde du og når du går der?

Har du lyst på ein omvising med vinsmaking hjå oss, ta kontakt på post@husabovingard.no – så høyrer du ifrå oss 🙂