Hemsedal Flatbrødbakeri
Kontaktperson:
Mona Taaje Rusto
Adresse:
Hemsedalsvegen 3445, 3560 Hemsedal
Telefon:
Nettside:
E-post:
Alt me lagar er steikt på jerntakke. Dette er ein av dei eldste måtane å lage mat på. Me brukar ingen ”lettvintløysingar” i produksjonen vår. Alle deigar og rører blir laga frå botnen av, frå fyrsteklasses råvarer. Me tilset heller ikkje konserveringsmiddel. Sjølve bakinga er handverk . Det trur me at du kjenner på smaken når du tek deg ein bit!
«Velkomen te ein handel det smaka tå…….»
Gardsbutikken og kafeen som ligg vegg i vegg med bakeriet og fjøset såg dagens lys 1. april 2015. Her serverast dagens bakst te kaffien – eller du kan velgje ein nysteikt lapp rett frå takka med heimelaga syltetøy te – og stølsrumme i sesongen. Du kan òg bestille «Hallingdal`s nasjonalrett» til lunsj, som er småmat og lefsekling . Me har ikkje vanleg «fastfood» som hamburger, chips og brus, men kan friste med pølser frå lokalprodusent Tamt og Vilt attåt våre nydelege potetlomper eller «eplekaku» som det heiter her i dal`n, og heimelaga saft te drikke.
