Hardanger Bygdeysteri
Kontaktperson:
Marit Buttingsrud
Adresse:
Sjusetevegen 14, 5610 ØYSTESE
Telefon:
Nettside:
E-post:
Hardanger steikeost er ein halloumi-type, ein ost som skal steikast eller grillast. Del den i skiver, steik nokre minutt på panna, den smeltar ikkje – nytast varm. Høver som erstatning for kjøt, og er god både til salat, burger, på brødskiva, mm. Røykt steikeost har ein mild, naturleg smak av røykt gråor. Gråor er tradisjonelt mykje nytta til røyking av mat i Hardanger.
Me tek i mot grupper på omvising og ostesmaking i Skummesalen – vårt særeigne visningslokale. Kan tilby lunsj til større grupper.
Me deltar på Bondens marked Bergen og er inne i fleire MENY-butikkar. Samt lokale Coop-butikkar og fleire restaurantar. Sjekk heimesida vår for meir info om utsalsstadar.
I Gardsmatbutikken til Felleskjøpet som er lokalisert i same bygg kan dykk kjøpa produkta våre. Ope frå 8.00-18.00 kvardagar og 9-15 laurdag.
Velkomen til oss!


