Gunnabuda

Aktiviteter og opplevelser
Møter, kurs og selskaper
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Mette Krogsæter

Adresse:

Longvafjordvegen 529, 6293 Longva

Telefon:

Nettside:

Vi tek imot gjestar heile året. Vi har romslege og trivelige serveringslokale og i tillegg eit stort møterom med konferanseutstyr. Skal du ha servering hos oss, ta kontakt for tilbud – vi driv ikkje restaurantdrift, men serverer mat for små og store grupper etter avtale.

På menyen har vi noko for einkvar smak, men vi likar aller best å servere fiskerettar – gjerne med klippfisk, men også med linefanga fisk frå lokale leverandørar. Eit anna godt alternativ er rettar med hjortekjøt frå øya.

For overnatting tilbyr vi 4 rom inne i hovedbygningen og 3 romslege hytter med utsikt over sjøen.

Vi har ein flott vedfyrt sauna med utsikt over fjorden og kort veg ned til stranda for den som vil ta seg eit bad. I sommarhalvåret kan vi tilby sykkelutleige og leige av jolle med påhengsmotor. Vidare har vi havkajakkar og padlebrett for utleige og for førte turar på fjorden.

I nærmiljøet vil vi anbefale særleg ein tur til topps på fjellet «Skulen» – på 492 meters høgde ligg utsiktshytta «Skulebua» med fantastisk utsikt over kysten.

Er du interessert i historie, kan vi tilby omvisning på dei gamle arbeiderhyblane i toppetasjen.

Gunnabuda ligg sentralt på Nordøyane – den nye Nordøyvegen knytter desse øyane saman, i tillegg til at den gjer det enkelt å kome hit frå fastlandet. Det er flotte muligheter for turar og utflukter også på naboøyane!