Grindal Ysteri

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter

Kontaktperson:

Turid Nordbø

Adresse:

Orkdalsveien 2181, 7393 Rennebu

Telefon:

Nettside:

Ysteriet ligg i vakre Rennebu, der elva Orkla snor seg nedover dalen langs fylkesvei 700, mellom Berkåk og Orkanger. Gardsbutikken er sjølvbetjent og døgnopen. Her får du kjøpt eit stort utval med ost frå Grindal Ysteri og andre lokale varer. Osten er òg i sal i MENY sine ostediskar og i delikatessebutikkar rundt om i landet.

Grindal ysteri består av to gardar, Jelan og Stigen, som driv med ku- og geitemjølkproduksjon. Om sommaren flyttar vi med buskapen til fjells på Øyasetra og Jelsetra i Jøldalen i Trollheimen. Vi samarbeider òg tett med Grønt frå Grindal, ein markedshage som leverer grønsaker og bær til gardsbutikken.