Gardsbrenneriet – ein del av Nordfjord Distillery

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Servering

Kontaktperson:

Jann Vestby

Adresse:

Industrivegen 12, 6823 SANDANE

Telefon:

Nettside:

Gardsbrenneriet ligg solrikt og lunt til på Hauge, på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. Gloppen er kjend for eit sterkt landbruk og eit levande lokalmatmiljø – her foredlar vi lokale råvarer til unike smaksopplevingar.

Verksemda vart starta av Synnøve og Jann i 2012 på familiegarden Jørnbruket. Det som byrja med pressing av eigne eple, har utvikla seg til eit eplepresseri, sideri og handverksdestilleri med eit breitt spekter av drikkevarer. Vi lagar mellom anna alkoholfri sider, handverksbrus, briskeøl, tonic, sider, hard seltzer, handverkscocktailar, frukt- og bærlikørar, vodka, rom, gin, akevitt og fruktbrennevin.

Vi har ein sterk trong til å utvikle nye produkt basert på norske råvarer. Kombinasjonen av dyrkekompetansen og tradisjonshandverket vi lærte av kårfolket på garden og fagutdanninga vårt som kjemikarar har gjort det mogleg for oss å utvikle eige produksjonsutstyr og eigne metodar. Slik skaper vi innovative produkt som mysebrennevin – laga av ein restressurs frå osteproduksjon – rom basert på norske sukkerbetar og fermentert hard seltzer.

Vi jobbar aktivt med berekraft og god ressursutnytting. Utsorterte råvarer som pressfrukt, plommer, myse og potet får nytt liv hjå oss. Heile verdikjeda, frå råvare til ferdig produkt, skjer i vår eiga verksemd. Hjå oss får du smaken av Nordfjord – frå jord til glas.

Gardsbrenneriet – frå vestlandsjord til edle dråpar

Jørnbruket – ein gard med lange tradisjonar

Jørnbruket er ein del av den gamle storgarden Hauge, med spor av busetnad heilt tilbake til eldre jernalder. Her har det vore dyrka frukt sidan 1800-talet, og sidan 1930-talet har planteoppal og grønsaksdyrking vore ein del av drifta. Det gode fjordklimaet gir ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker og vi har til og med vår eigen eplesort – Haugeeplet.

Måneskinshagen – økologisk dyrking og kulturarv

I dag dyrkar vi økologiske eple og rabarbra på jørnbruket. Vi tek vare på kulturarven ved å satse på historiske sortar, og vi podar epletre og alar opp rabarbraplantar sjølve. Vi dyrkar også andre vekstar til bruk i drikkevarene våre – mellom anna dill til sommarakevitten vår.

Om våren har vi økologisk planteoppal med over 100 ulike sortar grønsaker og krydder. Vi legg særleg vekt på gamle kulturarvsortar som er godt tilpassa fjordklimaet.

To besøksstader

Gardsbrenneriet og Måneskinshagen – Øvre Nordstranda 96

På garden finn ein frukt- og bærpresseri, sideri og destilleri. Her vidareforedlar vi også utsorterte råvarer som pressfrukt, plommer, myse og potet – og gjev dei nytt liv som edle dråpar.I sommarsesongen kan ein bestille omvising på garden og lære meir om historia, råvarene og produksjonen.

Frå midten av april til midten av juni har vi sjølvbetent utsal av økologiske grønsaks- og krydderplantar ved nedkøyringa til garden.

Nordfjord Distillery – Industrivegen 12

Her finn ein det moderne tapperiet vårt og eit heilårsope fabrikkutsal.

I fabrikkutsalet kan ein handle lokalmat og våre alkoholfrie og lågalkoholhaldige produkt. Om våren tilbyr vi økologiske dyrkefrø, og om hausten finn ein utstyr og råvarer til vidareforedling av frukt og grønt.

Her kan ein også bestille omvising og smaking i Gildehallen – Nordfjord Distillery baren vår.

Velkomen på besøk i 2026

Vi tilbyr:

Heilårsope fabrikkutsal

Omvising og smaking hos Nordfjord Distillery

Omvising på garden i sommarsesongen

Sesongope utsal av økologiske grønsaksplantar om våren

Besøk heimesida vår for bestilling og meir informasjon om opplevingar og sesongtilbod.