Gardsbrenneriet
Kontaktperson:
Jann Vestby
Adresse:
Øvre Nordstranda 96, 6823 SANDANE
Telefon:
Nettside:
E-post:
I 2025 held vi på med ei ombygging på garden og har ikkje gardsturisme. Vi kjem i løpet av 2025 til å ha på plass eit produktutsal og tilby smakingar frå våre nye produksjonslokaler. Sjekk heimesida vår for oppdatert informasjon om kva vi tilbyr.
Gardshistoria
Gardsbrenneriet held til i Gloppen kommune på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjon for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av krydder- og grønsaksplantar for sal på garden sidan 1930-talet.
Dagens Gardsdrift
Per i dag blir det dyrka økologiske eple og rabarbra på garden i større skala. Vi har ein eplehage på nærare 4000 tre fordelt på ca. 20 eplesortar. Vi valde å pode epletrea sjølv. På den måten kunne vi lage tre av mange gamle lokale og historiske eplesortar som det ikkje er mogleg å kjøpe ferdigpoda tre av. Vi dyrkar også både gamle historiske rabarbrasortar som Viktoria og nyare sortar jordbær-rabarbra til bruk i drikkevarene våre.
Økologisk marknadshage – Måneskinshagen
Vi driv Måneskinshagen frå garden – ein økologisk marknadshage som dyrkar vekstar til bruk i Gardsbrenneriet sine drikkevarer. Vi dyrkar i aukande grad krydderurter både på friland og i drivtunell. Per i dag er største krydderproduksjonen dill til akevittdestillata våre. Ellers dyrkar vi økologiske sukkerbetar til bruk i rom.
Økologisk planteoppal
Sidan 1930-talet har det vore oppal av grønsaksplantar på garden. Alle plantar som blir brukt i Måneskinshagen alar vi opp sjølve frå frø eller formeirar frå plantemateriale. I dag har vi eit omfattande økologisk planteoppal med over 100 ulike slag grønsaks- og krydderslag. På våren i perioden ca 15. april-15. juni har vi sjølvbetjent planteutsal ved nedkøyringa til garden vår.

