Fjellfell, Bergo i Eksingedalen

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker

Kontaktperson:

Liv Anne Bergo

Adresse:

Eksingedalsvegen 2284, 5728 EIDSLANDET

Telefon:

Fjellfellbutikken er open når det er nokon heime, og det er det stort sett alltid i sommarhalvåret. Butikken er sjølvbetent, med folk til å hjelpa like ved. Kaffi, is og drikke kan alltid kjøpast, kaffimat kan bestillast. Om veret er for surt til å sitja utanfor butikken, kan kaffien nytast i Stallen, med inngang ved sida av butikklokalet. Ring gjerne for å vera sikker på at nokon er heime.

Å leggja turen gjennom Eksingedalen er ein fin avstikkar frå E16 mellom Voss og Bergen, eller frå E39 som går frå Bergen mot Sogn. Ein kjem til Eksingedalen ved å ta av ved Evanger, Dalseid eller Romarheim. Det tek om lag ein time å køyra til Bergo frå Voss, Dale eller Romarheim.

Eksingedalen byr på vill og vakker natur, fine gardsbruk i drift, fossefall og fjell – og er ein inngangsport til Stølsheimen. Her er mange fine fjellturar og alt ligg til rette for å prøva fiskelukka i elv eller vatn.

Om du vil gå ein kort tur, kan me anbefala Almarunden, vår eigen kulturhistoriske sti. Almarunden tek om lag ein time å gå, med storslått utsikt frå Kultatoppen og informasjonstavler om historie knytt til det vakre turområdet i Almane. Hjå oss er det også mogeleg å leiga kano, kajakkar og supbrett til bruk i Bergovatnet. Leige av utstyr er lurt å avtala på førehand, med «Fjellflyt» v/ Anna 48024522.

Velkommen til oss! Helsing Anna & Jørgen, Liv Anne & Sveinung på Bergo.