Finnøy Heimgard

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Møter, kurs og selskaper
Servering

Kontaktperson:

Hanne Reilstad

Adresse:

Nærlandsvågen 2, 4160 Finnøy

Telefon:

Nettside:

Finnøy Heimgard er ein familiedriven gard med ein eigen gardsbutikk, ein stoppestad på vegen med unike matopplevingar. Her finn du mat som er laga av folk som kjenner jorda, dyra, råvarene og årstidene. Me brenn for gode råvarer. Hos oss finn du varer både frå garden vår og andre dyktige bønder og produsentar i nærleiken.

I januar 2024 tok me over garden og gardsbutikken etter Hanne sine foreldre, med eit sterkt ønskje om å skapa ein levande gard – både for oss sjølve og for bygda rundt oss. Her bur og jobbar me som familie, med hjartet i det me driv med.

På garden produserar me egg og kjøt. Me har høner, gourmet-kalv og sauer, og legg vekt på god dyrevelferd og kvalitet i alle ledd. For oss handlar Finnøy Heimgard om meir enn mat. Det handlar om nærleik, tillit og ekte matglede. Alt er valt ut for å gje deg ei trygg, god og smakfull oppleving.

Gardsbutikken er sjølvbetjent, men full av nærvær. Du kan gå rundt i ro og fred. Uansett er me alltid berre eit spørsmål unna om du lurar på noko om varer, utvalet eller treng ei gåve med lokal forankring.

Treng du lokale til dåp, konfirmasjon eller andre tilstellingar leiger me ut Gardsloftet som husar inn til 50 personar.

Kom innom oss på vegen og sjå alt me har å by på!

Velkomen til gards. Velkomen heim!