Dyrsku’n Arrangement

Kontaktperson:

Adresse:

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Telefon:

Nettside:

E-post:

Den mangfaldige messa med dei lange tradisjonane er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.

Dyrsku’n vart etablera av staten i 1866 som eit ledd i ein nasjonal strategi om å auke matforsyninga i Noreg, og Telemarkskua er sjølve symbolet på Dyrsku’n i Seljord.

Handel, kultur, handverk, mat- og landbruk er sentralt på Dyrsku’n.

I over 150 år har folk valfarta frå heile landet til den tradisjonsrike Fesjåplassen i Seljord for å kjenne den særeigne stemninga og oppleve kulturberaren og folkefesten Dyrsku’n. Her finn ein utstilling og dømming av dyr, kulturprogram med lokale og nasjonale aktørar, husflids- og handverksutstillingar, historisk framvising av landbruket, samstundes som innovasjonen også står sentralt under arrangementet.

Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n, som alltid startar 2. fredag i september!