BYGLAND BRYGGERI AS

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Torkjel Austad

Adresse:

Austad 84, 4745 Bygland

Telefon:

Bygland Bryggeri frå Setesdal bryggjer prisvinnande tradisjonsøl med norsk kveik, handverksbrus med lokale bær – og er Skandinavias einaste produsent av sake.

Bygland Bryggeri held til i dei djupe dalane i Setesdal, der vi kombinerer norske tradisjonar med moderne handverk. Bryggeriet er særleg kjent for tradisjonsøl brygga med kveik og inspirasjon frå gamle norske gardstradisjonar, men produserer også moderne ølstilar, alkoholfri handverksbrus og sake under merket Rannei – Craft Sake of Norway.

Vi er Skandinavias einaste sakeprodusent, og brukar japansk koji og ris saman med reint kjeldevatn frå Ose og norsk kveik. Resultatet er heilt unike drikkeopplevingar der norsk natur og japansk fermenteringstradisjon møtest.

I tillegg lagar vi handverksbrus med friske bær og naturlege smakar. Produkta våre blir serverte både lokalt og på restaurantar og barar i inn- og utland. Gjennom historie, kultur og ekte handverk ønskjer vi å løfte fram smaken av Setesdal i kvar einaste flaske og boks.