Brimi sæter

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Møter, kurs og selskaper
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Hans Brimi

Adresse:

Ottadalsvegen 4952, 2685 Garmo

Telefon:

Nettside:

Velkomen til Brimi sæter! Kvar sommar følgjer vi tradisjonen og flytter med oss dyra hit til setra for å utnytte det næringsrike fjellbeitet. Her har vi realisert draumen om eit godt liv – med husdyr, heimelaga mat, turar og roa i fjellet. Setra er open, og vi vil gjerne dele idyllen med deg, familien din, venene og kollegaene dine.

På setra mjølkar vi kyrne og foredlar den unike fjellmjølka til smakfulle seterprodukt som du kan

smake hjå oss eller kjøpe med deg heim. Vi syner deg korleis dei handlaga ostane tek form i

ysteriet, og du få nærkontakt med dyra – inne og ute. Vi byr på ekte og ureist seterkost basert på råvarer frå garden og setra.

Ynskjer du å overnatte, kan du nyte magien i fjellet på dagtid og avslutte med ein 4-retters

setermeny ved langbordet, før du kryp under dyna i ein brisk på låven, i lavvoen eller i eit rom på hytta.

Velkomen til seters!