Bergsdalstunet
Kontaktperson:
Olaug Fagerbakke
Adresse:
Lid i Bergsdalen, 5722 Dalekvam
Telefon:
Nettside:
E-post:
Bergsdalstunet
Bergsdalstunet er eit koseleg og nyrestaurert hus frå 1934 på garden Lid i Bergsdalen, og er oppkaldt etter Viking Lid som bygde huset. Huset er godt utstyrt med moderne komfort, og inneheldt stover, kjøkken, bad og 2 soverom med 6 sengeplassar. Vi serverer frukost og middag om det er ynskjeleg.
På garden kan borna boltre seg i tunet. Born og vaksen kan vera med på fjøsstellet eller anna som skjer på garden. På terrassen til Bergsdalstunet kan du nyte frukost, grillmat frå utegrillen eller kjøpte nyplukka jordbær til langt ut i september.
Bergsdalstunet er eit flott utgangspunkt for fjell- og sykkelturar eller friste fiskelukka i dei mange elvane og fjellvatna i Bergsdalen.