Aukrust gard og urteri

Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Servering

Kontaktperson:

Adresse:

Solsideveien 449, 2686 Lom

Telefon:

E-post:

Aukrust Gard og Urteri ligg solvendt under Lomseggen - med dei høgste fjell i Nord-Europa rundt omkring. Hos oss vil du finne næring for kropp og sjel, - vi har vakker urtehage og ein omattande urteproduksjon. I gardsbutikken finn du landets største utval av økologisk te og krydder, spekpølser frå eigne dyr og grønt i sesongen. I urtehagehuset har vi utstillingar, konsertar - eller servering for opp til 50 personar. Ta kontakt så skreddarsyr vi eit opplegg!

Garden er heimstaden til diktaren Olav Aukrust (1883 – 1929). Vi kan tilby omvisning i dei gamle stovene der han voks opp, gjerne kombinert med gardsomvisning. Vi kan vektlegge meire den kulturhistoriske sida, – eller tema som urtedyrking og bruk, hagehistorie, økologi og bio-dynamisk jordbruk.
Garden er driven økologisk / bio-dynamisk sidan 1985. Etter kvart har urtedyrking og foredling vorten spesialiteten. Vi leverer te og krydder over heile landet, – men det største utvalet finn du i gardsbutikken. Sjølv om vi har slutta med mjølkeproduskjon har vi ammekyr, gris og høns, – kjøttet foredlar vi til 4 spanande spekepølsevariantar med eigne krydderier.
Urtehagehuset er ein stavkonstuksjon, med svaleganger ut mot urtehage og dyrkingsfelt. Her har vi ymse kulturelle arrangement i sumarhalvåret, eller tilbyr foredrag eller servering.