Aga sideri

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Eirin Instebø

Adresse:

Aga 73, 5776 Nå

Telefon:

Nettside:

På Aga i Ullensvang ligg Aga Sideri idyllisk til. Garden har vore i familien i generasjonar med lang tradisjon for fruktdyrking. I 2018 tok Joar Aga over garden og etablerte Aga Sideri samme året. Garden ligg tett på fjord og fjell, omringa av kulturminne, bratte bakkar og store epleteigar. Her i Sørfjorden finnes eit ypperleg klima for fruktdyrking, samt ein rik tradisjon for siderproduksjon.

På Aga Sideri arbeider me med respekt for tradisjonane og råvarene som har forma Hardanger gjennom tradisjonar. Joar og teamet hans brenn for at du skal få ei god oppleving, om du er på besøk på garden eller drikk eit av våre produkt.

Aga sideri produserer 4 ulike typar sider; Lagmann, Bøddel, Humlepung, Humlepung Rosè. Me produserer også ein alkoholfri sider; Humlesus. Alle desse er tilgjengeleg på Vinmonopolet, samt i vårt gardsutsalg. I gardsutsalet har me og eplemost i ulike varianter.

I perioden juni-september arrangerer me daglege sidersmakingar. Me tek og i mot gjester på drop in og har sjenkeløyve i vårt smakslokale. Sjå våre nettsider for meir informasjon.

Opningstider gardsutsal: lågsesong (september – april) 10-15. Høgsesong (mai – august) 10-17.