Aarvik gard

Aktiviteter og opplevelser
Gårdsbutikker
Mat-og drikkeprodusenter
Overnatting
Servering

Kontaktperson:

Ranjeeta Aarvik

Adresse:

Aarvik gard, Årvikvegen 35, 5647 Baldersheim

Telefon:

Nettside:

Som gjestar på Aarvik gardl får dere oppleve korleis det er å vere på eit småbruk og leve i pakt med naturen. Dere får nyte roen og komme til dere selv ved å bu på ein plass der tida går sakte og naturen omringer ein på alle kantar.

Her får dere sove godt på økologiske Sleep on Nature madrassar og våkne til fuglekvitter og bølgebruset i Aarvika. Og her får dere nyte god og økologisk mat i kafèen med nybakte surdeigsbrød og boller frå bakeriet vårt.

Vår filosofi er å gi like mykje tilbake som me haustar frå naturen, og anerkjenne at me er ein del av naturen og naturens kretsløp og sesonger. Me meiner det er viktig å ta vare på og bygge opp jorda og ikkje utnytte ho av omsyn til naturen sjølv, men også framtidige generasjonar. Her dyrkar me mat utan å pløye jorda, og tar vare på det biologiske mangfaldet ved å ikkje nytta sprøytemidlar eller kunstgjødsel.

På gardsbruket har me ein liten geiteflokk av den bevaringsverdige Kystgeita som hjelper oss med å halde kulturlandskapet, i tillegg har me høns, påfuglar, løpeender, kaniner og minigrisar.

Om sommeren er det travelt på bruket, då er det høgsesong for det meste, både i bakeriet, kjøkenhagen og i tillegg er det viktig å tørke og ta inn gras slik at dyra har vinterfôr. De kan vere heldige å sjå oss slå gras med langorv og stuttorv (ljåslått) i dei bratte og typiske Vestlandske bakkane våre, og om de har lyst er det berre å vere med og hjelpe oss med slåtten, men det er høgst frivillig!

Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til å nyte den vakre plassen på småbruket vårt og me gler oss over å få dele vårt vesle paradis med dykk!

Hjarteleg velkomne til Aarvik gard

Alt godt,

Fru Aarvik og familien