Kontaktperson | Marianne Haakonsdatter Kvestad |
Adresse | Reisetevegen 83 5776 Nå |
Telefon | 95996787 / 91707254 |
Lengdegrad | 6.5649 |
Breddegrad | 60.258772 |
Under Folgefonna i Hardanger ligg Kvestad Sideri. Kvestad ligg ca. 220 m.o.h. og her vert det produsert eple og laga sider langt oppi fjellsida. Kvestad Sideri er per i dag den høgastliggande siderprodusenten i Hardanger. Den fyrste sideren har fått namn etter året 1808, som var eit spesielt dramatisk år for klyngjetunet Kvestad. Heile historia om 1808 finn de på heimesida vår.
1808 er ein sider laga på tradisjonelt vis, slik det har vore gjort i generasjonar på bruk 2 på Kvestad. Haakon som eig bruk 2 i dag, har lært å laga sider av sin far – Oddmund. No er det døtrene Hilde og Marianne som lærer av Haakon, og på den måten vert tradisjonar helde i hevd. Sideren 1808 er halvtørr og sprudlande.
Det er totalt 7 medlemmer i familiebedrifta Kvestad Sideri; Ellen og Haakon, døtrene Hilde og Marianne, deira sambuarar Andre og Olav Arne, og deira søskenbarn Ole Kristian. Med ei god blanding av ulik kompetanse og erfaring jobbar me godt ilag og driv bedrifta framover saman.
Tar imot grupper for sidersmaking heile året - ta kontakt!
Me har utsal på garden, med opningstid:
Mandag - Fredag 12.00 - 19.00
Laurdag 12.00 - 18.00
Sundag stengt
Hjarteleg velkomne innom til oss!