Adresse | Veiberg 31 6215 Eidsdal |
Telefon | 90667656 |
Lengdegrad | 7.155127 |
Breddegrad | 62.237187 |
Stolte Anton AS lagar reine, smaksrike produkt av lokal frukt, bær og grønsaker delvis henta frå eigen hage. Vi held til i Eidsdal på Sunnmøre, nærare bestemt i Nerigarden på Veiberg. Her finn du både produksjonslokale og gardsutsal, der du kan få kjøpt syltetøy, gelear, chutney, hermetiske plomme og pære.
Gjev liv til gamle hagar
Vi er stolte av å kunne nytte ressursane i nærmiljøet som elles hadde gått til spille, og slik gjev vi liv til gamle hagar. Av dei lokale råvarene lagar vi produkt etter tradisjonelle oppskrifter med reine smakar av frukt og bær. Men utover hausten lagar vi også krydra produkt som gjev dei gode julesmakane. Alle produkta er handlaga og heilt naturlege utan kunstige tilsetjingsstoff.
HISTORIA
Bedrifta vart etablert i 2018 og har sitt opphav i Poldgarden i Eidsdal på Sunnmøre. Anton Nydal var ein engasjert og dyktig gardbrukar i Poldgarden i Eidsdal på 1920-talet og framover mot 70-talet. Han var ein svært dyktig bonde, og bær, frukt og grønsaksproduksjon var hovudinntektskjelda. Etter hans tid gjekk det gradvis nedover med gardsdrifta, og frukthagen har ikkje vore stelt på ein generasjon. Mange av trea har gått ut, men nokre står framleis og gjev avling. Initiativtakarane til Stolte Anton AS, Per Ove Nydal og Margreta Veiberg, er begge borneborn av Anton Nydal. Gradvis utvikla dei ideen om å gjere frukta i den gamle hagen til ein ressurs. Det har også vist seg at i bygda Eidsdal, inngangen til verdsarvområdet, er fleire gamle, ubrukte hagar. Dei gjev no grunnlag for fleire av produkta - og akkurat det er ei stor glede. No har Kirsti Indreeide teke over bedrifta og vil føre tradisjonen vidare. Det blir m.a. nytta bær frå eigen hage i Nerigarden på Veiberg. Elles kjem mesteparten av råvarene frå andre hagar i Eidsdal og Norddal samt andre bygder i Fjord kommune.
Ein viktig del av filosofien er å ta i bruk unytta ressursar; plommer og eple frå tre som ikkje har vore hausta, rips og bringebær frå hagar som til dels ikkje har vore stelt.