Utne hotel

Utsikt mot hagen frå eit av romma på Utne hotel.   Fotograf: ShotbySkeie

Nyt livet på Utne hotel   Fotograf: ShotbySkeie

Sider frå Hardanger er vel verdt å smake. Sidersmaking kvar kveld kl 18 gjennom sesongen.   Fotograf: ShotbySkeie

17 unike, historiske rom med ulik storleik, møblement og utsjånad.   Fotograf: ShotbySkeie

Vertskapet på Utne hotel ser fram til å få besøk av deg.   Fotograf: ShotbySkeie

Mange flotte turmuligheter i nærområdet; Oksen, Dronningstien, Grimsnuten, Buførevegen, fossane i Husedalen.   Fotograf: ShotbySkeie

Tid for den gode samtalen og minnerike augneblikk på Utne hotel; Den perfekte staden for feiring av vennskap, kjærleik eller jubileum.   Fotograf: ShotbySkeie

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Museumsvegen 2
5778 Utne
Telefon 53666400
Lengdegrad 6.621567
Breddegrad 60.423734

Utne hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i snart 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.

Å bu på Utne hotel er som å kome heim til bestemor med sine florlette blondegardiner og knirkande golv og senger. Alle dei 17 romma på Utne hotel er unike med historiske trekk, møblar og stilartar. Alle med eige moderne flislagte bad. Romma kan nyttast som twin / dobbelt / enkeltrom. Nokre av romma har fjordutsikt mot fjorden/kaia, andre er vendt mot den stille bakhagen. Ingen av romma har fjernsyn. Dette for å behalda den historiske atmosfæra, og stimulere til kveldsprat eller lesing av ei god bok.

Me inviterer til sidersmaking kvar kveld kl.18.00 i siderkjellaren. Her får du servert smakfulle dråpar og historia bak produksjonen frå eit utval av dei mange frukt- og siderprodusentane i Hardanger.

Les mer