Kontaktperson | Gard Eitungjerde Høyvik |
Adresse | SJØTUNSVEGEN 32 6899 BALESTRAND |
Telefon | 95902190 |
Lengdegrad | 6.532521 |
Breddegrad | 61.201497 |
Gard Eitungjerde Høyvik og Tuba Ardic er vertskap i Ciderhuset med seniorane Eli-Grete og Åge som gode hjelparar. Ciderhuset / Balholm ligg midt i fruktregionen Sogn - i Balestrand som har teke mot kunstnarar og gjester i over 150 år, godt kjend for Kviknes Hotel, rapparen Kjartan Lauritzen og EPLE! Og for oss er det altså eple og cider som gjeld. Sogn har faktisk den første dokumenterte eplehagen i Noreg.
Kva kan vi tilby når du kjem på besøk?
Heile sommarsesongen har vi to cidersmakingar dagleg (unnateke sundagar) - på føremiddagen med lunsjplanke der kvar rett passar til ciderane og på ettermiddagen med cider/fruktvinar og snacks.
Vi serverer også lunsj a la carte - sjølvsagt med jus eller cider. Du kan velje mellom ca 30 ulike smakar av fruktdrikke med eller utan alkohol - jus eller limonade, cider, fruktvin, eplelikør eller fruktdram produsert av oss - og altså ganske stor sjanse for at du finn noko du likar!
"Cider Makers dinner" er ei middagsoppleving der mat, cider og formidling er nøye knytt saman og utsikta over Sognefjorden får vi ingen klager på. Vi er Noregs einaste ciderrestaurant - dvs vi serverer kun drikke vi eller våre ciderkollegaer har laga. Maten vi serverer er inspirert av Middelhavet ettersom vertinne og kjøkensjef, Tuba, kjem frå Tyrkia.
I gardsbutikken har vi alle Balholmdrikkene og også Balholm sjokolade laga på huset. Og sjølvsagt smakar sjokoladen av frukt og bær.
Vi har halde på lenge...
Balholm starta opp med å presse eple og lage jus av 100 % frukt i 1996, og vi var dei første med å tilby ufiltrert jus i daglegvare, med å blande bær i mosten og med å tilsetje kolsyre og lage sprudlande drikke av pressa frukt. Vi set vår ære i å ha eit allsidig utval av cider som skal passe til ein kvar type mat - til og med viltgryta.
Hos oss i Ciderhuset kan du dykke ned i eplet si historie. Du kan lære om ulike grupper av eple - bordeple, mateple og cidereple, og om korleis det blir til ulike stilartar av cider. Kva skjer når vi tilset gjær til mosten og fermenterer i kort tid eller lengre? Kva er vitsen med å lage cider på tradisjonell fransk metode? Og kva er eigentleg forskjellen mellom cider og fruktvin? I destilleriet kjem det dram av eple eller kanskje plomme ... Velkommen!