Adresse | Longvafjordvegen 529 6293 Longva |
Telefon | 70217816 |
Lengdegrad | 6.274135 |
Breddegrad | 62.663544 |
Gunnabuda ligg på øya Flemsøy/Skuløy nord for Ålesund, heilt ute i havgapet på Sunnmøre. Hovedbygningen er ei sjøbud der det før vart produsert klippfisk og skaldyrhermetikk - i dag vert lokala brukt til møtelokale, servering og overnatting. Til overnatting har Gunnabuda også 3 hytter som ligg like ved hovedbygningen. Vi tilbyr også aktivitetar som havpadling og turar med Gunnabuda sin eigen vikingbåt.
Vi tek imot gjestar heile året. Vi har romslege og trivelige serveringslokale og i tillegg eit stort møterom med konferanseutstyr. Skal du ha servering hos oss, ta kontakt for tilbud - vi driv ikkje restaurantdrift, men serverer mat for små og store grupper etter avtale.
På menyen har vi noko for einkvar smak, men vi likar aller best å servere fiskerettar - gjerne med klippfisk, men også med linefanga fisk som vi kjøper frå Holmeset inne på fastlandet.
For overnatting tilbyr vi 4 rom inne i hovedbygningen og 3 romslege hytter med utsikt over sjøen.
Vi kan vidare i sommarhalvåret tilby aktivitetar tilknytta den flotte vikingbåten vår, "Langvin" - i tillegg til ein tur på fjorden, kan gjestar prøve seg på kubbspel og bogeskyting. Vidare har vi havkajakkar for utleige og for førte turar på fjorden.
I nærmiljøet vil vi anbefale særleg ein tur til topps på fjellet "Skulen" - på 492 meters høgde ligg utsiktshytta "Skulebua" med fantastisk utsikt over kysten.