Åkre Gard

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Arita Åkre
Adresse Fjordavegen 2036
5776 Nå
Telefon +4795855683
Lengdegrad 6.573565
Breddegrad 60.261434

På garden har det opp gjennom tida vore produksjon av både frukt og kjøt, men i dag er hovedfokus på produksjon av Edel eplemost og ­Edel Sider. Garden Åkre er lokalisert på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang Herad i Hardanger og nyt godt av det milde og fine vestlandsklimaet her. Garden ligg optimalt plassert for å produsera dei beste epla for ein syrlig, frisk og balansert eplemost og ­sider. Garden vert i dag dreven av Arita & Gjermund Åkre, og med god hjelp av seniorgenerasjonen - Marit & Olav. Kvalitet, smaksoppleving, kortreiset, økologisk, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta våre vert til, og me håpar og trur det kjennest att på smaken. Produktene finner du tilgjengelig på vinmonopolet og scanlog (for horeca).

Når epla er klare for henting utpå hausten, vert produksjonsutstyr på Åkre klargjort for ei intensiv og spanande tid. Epla kjem frå eigen produksjon eller frå gode naboar i distriktet. Epla vert varsamt mottatt, sortert og vaska før dei er klare for å bli omgjort frå eple til søt og frisk eplemost. Eplemosten vert produsert i reine eplesortar for å bevara særpreget til dei ulike sortane – Aroma, Discovery, Gravenstein, Idun, Karen Schneider, osb. Eplemosten vert pasteurisert før han vert tappa på flasker. Her er det inga tilsetjingar, bare rein og frisk eplemost. Dei epla som vert valde som råstoff for eplesideren vert tappa på gjæringskar så fort dei er omgjort til eplemost. Der vil mosten stå nokre månader under god kontroll slik at eplemosten sakte, men sikkert endrar seg til ein aromatisk, frisk, tørr og perlande eplesider. Under fylgjer det meir utfyllande smaksnotater av dei ulike produkta.


Me har utsalg og holder smakinger/omvisning for grupper.

Utsalget er åpent mand-fred 0900 til 2000, lør 0900 til 1800 og steng på søndager.

Kontaktperson er enten Arita Åkre på 41236648 eller Gjermund Åkre på 95855683

Les mer