Adresse | Skjåk Solside 500 2690 Skjåk |
Telefon | 48019051 / 91140280 |
Lengdegrad | 8.407122 |
Breddegrad | 61.883534 |
På historiske Nordigard Ramstad i fjellbygda Skjåk kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte fjellheimen som omgir oss. Du er hjarteleg velkomen til både bords og til gards – eit meir innhaldsrikt gardseventyr skal du leite lenge etter!
Gardsovernatting
I historisk eldhus eller leilighet i våningshuset – valet er ditt og på Nordigard Ramstad er gardsidyll garantert. Høner inkludert!
Garden vår ligg på solsida i fjellbygda Skjåk – midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjell- og matmekkaet Lom ligg ein svipptur unna – og vil du ta føtene ligg heile fjelleventyret rett utanfor dørstokken.
Historisk landhandel
Ramstadbue - sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid.
Ramstadbue er forundringskrukka som aldri sluttar å begeistre. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Nokre av dei autentiske godbitane i interiør og dekorasjon er til sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus.
Gudbrandsdalsegg og Gudbrandsdalskaku
På Nordigard Ramstad legg frittgåande høner egg med plommar gule som gull. Gudbrandsdalsegg finn du i delikatessebutikkar og lokale eggebuer – og i himmelsk Gudbrandsdalskaku bakt for hand av klinkegga.