Kontaktperson | Anna Haugstad Avdem |
Adresse | Romsdalsvegen 1706 2665 Lesja |
Telefon | 4775 7573 |
Lengdegrad | 8.796897 |
Breddegrad | 62.123352 |
Produksjonen vår er allsidig og handtverksmessig – inspirert av lokal kultur og tradisjon, der all mjølka kjem frå kyrne på garden. Vi ystar av upasteurisert mjølk, dvs. rå mjølk som ikkje er varmebehandla før vi startar ysteprosessen. Med dette tek vi vare på dei gode kvalitetane som er i mjølka, som er viktig for utvikling av smak og aroma i sluttproduktet. Det gjer ysteprosessen meir robust og interessant, og gjer at produkta skil seg ut frå industriproduksjon.
Alle våre kvitostar er kittmogna, dvs. at dei er vaska med saltvatn under lagring. Smaken utviklar seg gjennom fleire månader på lager. Dei mest kjende er: Fjelldronning, ein halvfast ost mogna i minst 4 månader, og Bufast, ein fastost (alpetype) lagra i minst 1 år. Av myse kokar vi Huldreost, ein brunost utanom det vanlege, smaksett med fjellurtene einerbær og kvann, samt norsk akevitt. Vi produserer også Pultost, rømme og smør, i tillegg til andre tradisjonsprodukt som Gubb og Prim. Pultost er ein norsk ostetype med lange tradisjonar i Gudbrandsdalen og Innlandet.
Avdemsbue er ein landhandel med butikkhistorie attende til 1878, med kontinuerleg drift sidan da. Sommaren 2015 reopna butikken som ein lokalmatbutikk eigd av Avdem Gardsysteri AS. Her finn du eit stort utval av norsk handverksost, øl frå norske mikrobryggeri, norsk spekemat, krydder, kaffe og te – og mykje meir! Avdemsbue tilbyr også enkel servering av kaffe, is og rømmevaflar.
Sommaren 2019 opna eit osteforma tilbygg teikna av RAM Arkitektur. Her er det kafé med god lunsj og enkle middagsrettar, toalett og lagerrom. Det er også planlagt nettbutikk med sjølvbetjent og døgnopent uthentestad.
Produkta våre er å få kjøpt i daglegvarehandelen og i spesialbutikkar, men aller best utval finn du i vår eigen landhandel Avdemsbue på Lesja, 300 meter frå gardsysteriet. Velkomen!