Adresse | Ålfotevegen 73 6737 Ålfoten |
Telefon | 90182919 |
Lengdegrad | 5.63113 |
Breddegrad | 61.815225 |
Kom og besøk oss på Hjortegarden. Bli med å mat hjortane, høyr historia, gardsaktivitetar, fjellturar og få deg eit godt måltid. Få ei unik naturoppleving hjå oss. Vi har ope etter avtale og vi tilpassar ditt besøk etter dine ynskjer!
Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg, driven av Sonja og Karl Vidar Førde.
Firmanamnet speglar ein gard med alle positive assosiasjonar til forvalting av naturen, skaparglede, kjærleg dyrehald, mattradisjonar, jakt og verdiskaping. Hjorten er det majestetiske dyret som eig skogane rundt garden, der dei regjerer heilt nede frå fjorden, opp langs elvane, gjennom skog, kratt og urar til snaufjellet og den store Ålfotbreen.
HJORTEGARDEN tilbyr unike og energiskapande opplevingar for mennesker, jegerar, bedrifter og grupper innan mat, friluftsliv og lagbygging der «hjort», ro og stillhet er hovudingrediensen…
Vi har ope etter avtale! Vi tilpassar ditt besøk etter dine ynskjer!
Ynskjer du å kjøpe hjortekjøt? Ta kontakt på telefon 901 82 919 eller på e-post: skf@hjortegarden.no