Syse Gard

Gro og Hans driv i dag Syse gard som femte generasjon av familien.   Fotograf: Olav Breen

På garden må alle tre generasjonane hjelpe til.   Fotograf: Reinhold Kager

Bildet viser den fantastiske utsikten fra gardsutsalget.

Kom innom i gardsutsalet for ein hyggjeleg handel!

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Apalvegen 104
5730 ULVIK
Telefon 41649906 eller 47630368
Lengdegrad 6.945111
Breddegrad 60.575664

Syse Gard er eit familidrive vestlandsbrukt som dyrkar frukt og held 70 vinterfora sau. Gro og Hans driv i dag garden som femte generasjon av familien. Tilbyr etter avtale omvising og matservering basert på produkta, kunnskapen, smakane og tradisjonane frå garden. I gardsutsalet finn du mykje godt du kan kjøpe med deg!

Syse Gard er eit familiedrive vestlandsbruk som dyrkar moreller, plommer, eple og pære. Me held i tillegg 70 vinterfora sau. Syse Gard er eit Economuseum på frukt og fruktforedling. Har eige gardsutsal med godt utval av foredla frukt i tillegg til lammekjøt, eplemost og sider. I fruktsesongen mellom august og jol kan ein kjøpe med seg fersk frukt.

Me tilbyr etter avtale omvising og matservering (max 70 stk) basert på produkta, kunnskapen, smakane og tradisjonane frå garden.

Ei omvising hjå oss vil gje deg eit innblikk i:
- soga om garden
- gardsarbeid
- fruktplukking
- eldhuset vårt
- stølen vår
- slik dyrkar me frukt
- slik røykjer me kjøt
- slik lagar me syltetøy og hermetisk frukt
- smaking av produkt laga på garden

Gro og Hans driv garden som femte generasjon av familien. Dei overtok garden i 1999, og har sidan då bygd opp Syse gard slik me kjenner den idag.I dag bur det tre generasjonar på Syse Gard. Den eldste generasjonen er Synnøva og Erling, og den yngste generasjonen Erling jr, Guro og Ingeborg.

Stikk du innom Syse Gard er det truleg ein av desse du møter i tunet.

Velkomne innom.

Les mer