Alde Sider

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Indre Bleie
5776 Nå
Telefon 48007966
Lengdegrad 6.564204
Breddegrad 60.244931

Alde er eit gamalt namn for eple i Hardanger og her på garden har ein dyrka eple sidan frukta kom til fjorden. Pressing til eplemost har og gjenge føre seg langt attende i tid. Men mosten var då ei ferskvare som berre gardsfolket fekk drikke i nokre dagar, før det gjekk over til sider. I dag pasteruriserer eg den ferske mosten ved 78°C og kjøler den raskt ned for å halde på den friske smaken slik at du kan nyta den som dei få heldige fekk i gamle dagar.

Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Her på garden har eg Gravenstein, Discovery og Aroma. Desse sortane passar ypperleg til sider og bidreg kvar med sin eigenart. Eg plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller eg i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær.

Når gjæringa har kome godt i gang set eg temperaturen ned og ventar spent i nokre månadar. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan den held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar eg saman gode vener med gode ganar og me smakar oss fram til ei blanding som er balansert mellom syre og sødme, fruktigheit og frisk ange. Eg tilset litt kolsyre for å få den perlande og tappar så på flasker og fat.

Les mer