Gardsbrenneriet

Master distiller Jann utfører kvalitetsjekk av akevitt på fatlageret.

Synnøve og Jann - to sivilingeniørar i kjemi - tok over garden i 2010. Her i eplehagen.

På garden dyrkar Synnøve mellom anna sukkerbetar som blir brukt i brennevinsproduksjonen.

I den økologiske rabarbrahagen dyrkar vi jordbær-rabarbra

Kvar vår har vi eige planteoppal av over 100 typar vekstar ein kan ete - raudbetar på bildet

Sjølvbetjent utsal av økologiske oppalsplantar frå garden frå ca 15.april-15.juni

I den økologiske eplehagen har vi 4000 tre av over 20 ulike eplesortar - Gravenstein på bildet

Vi haustar mellom 20-30 tonn økologiske epler frå eigen gard kvart år - Aroma på bildet

I eplepresseriet vårt tek vi imot pressfrukt frå fruktbønder i heile Nordfjord - Discovery på bildet

Vi pressar over 100 tonn frukt kvart år i eige presseri på garden.

Av fruktmosten lagar vi drikkevarer med og utan alkohol - her er det alkoholfri sider i glaset

I Måneskinshagen - vår økologiske marknadshage - dyrkar vi blant anna dill til akevittprodukta våre

I marknadshagen dyrkar vi også økologiske grønsaker - Vi kjenner eit ansvar for å ta vare på dei gamle kultursortane som er godt tilpassa dyrking i det utfordrande vestlandsklimaet.

Gardsbrenneriet held til på Jørnbruket på Hauge i Nordfjord. Ein gard med lange tradisjonar for frukt- og grønsaksdyrking.

Gardsbrenneriet har heile verdikjeden frå jord til glas i eiga bedrift. Her står eigaren Jann på tappelinja.

I tillegg til akevitt lagrar vi mellom anna eplebrennevin på fat i fatlageret på garden vår.

Bondens Marked Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Øvre Nordstranda 96
6823 SANDANE
Lengdegrad 6.177463
Breddegrad 61.790613

Gardsbrenneriet er handverksdestilleriet i Nordfjord som blir drive frå garden Jørnbruket i Gloppen. Produktporteføljen inneheld eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer der dei gode råvarene frå norsk landbruk står i fokus. Produktportefølgen består av eplemost, kullsyreholdig eplemost, gløgg, toddi, alkoholfri sider, handverksbrus, briskeøl, tonics, sider, hard seltzer, handverkscocktails, frukt- og bær likørar, vodka, gin, akevitt og fruktbrennevin. Ein del av råvarene dyrkar vi sjølv økologisk i eplehagen vår på 4000 tre, rababrahagen på 250 plantar og i den økologiske marknadshagen vår Måneskinshagen på garden.

I 2025 held vi på med ei ombygging på garden og har ikkje gardsturisme. Vi kjem i løpet av 2025 til å ha på plass eit produktutsal og tilby smakingar frå våre nye produksjonslokaler. Sjekk heimesida vår for oppdatert informasjon om kva vi tilbyr.

Gardshistoria

Gardsbrenneriet held til i Gloppen kommune på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden er det ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjon for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av krydder- og grønsaksplantar for sal på garden sidan 1930-talet.

Dagens Gardsdrift

Per i dag blir det dyrka økologiske eple og rabarbra på garden i større skala. Vi har ein eplehage på nærare 4000 tre fordelt på ca. 20 eplesortar. Vi valde å pode epletrea sjølv. På den måten kunne vi lage tre av mange gamle lokale og historiske eplesortar som det ikkje er mogleg å kjøpe ferdigpoda tre av. Vi dyrkar også både gamle historiske rabarbrasortar som Viktoria og nyare sortar jordbær-rabarbra til bruk i drikkevarene våre.

Økologisk marknadshage – Måneskinshagen

Vi driv Måneskinshagen frå garden – ein økologisk marknadshage som dyrkar vekstar til bruk i Gardsbrenneriet sine drikkevarer. Vi dyrkar i aukande grad krydderurter både på friland og i drivtunell. Per i dag er største krydderproduksjonen dill til akevittdestillata våre. Ellers dyrkar vi økologiske sukkerbetar til bruk i rom.

Økologisk planteoppal

Sidan 1930-talet har det vore oppal av grønsaksplantar på garden. Alle plantar som blir brukt i Måneskinshagen alar vi opp sjølve frå frø eller formeirar frå plantemateriale. I dag har vi eit omfattande økologisk planteoppal med over 100 ulike slag grønsaks- og krydderslag. På våren i perioden ca 15. april-15. juni har vi sjølvbetjent planteutsal ved nedkøyringa til garden vår.

Les mer