Adresse | Espeværvegen 14 5444 Espevær |
Telefon | 90030794 |
Lengdegrad | 5.15006 |
Breddegrad | 59.58962 |
Gamleposten 5444 – skap magiske augeblikk! Unike opplevingar tufta på lokale råvarer, tradisjonar og den gode historien. Me kan duka for gjestebod på historisk grunn i Gamleposten eller på Baadehuset. Menyen i gamleposten blir satt for kvar dag, med basis i kva me fått tak i av lokale råvarer. Ein kan og bestille historisk vandring med 5-retters meny.
Gamleposten 5444 er ein liten restaurant ute i havgapet på idylliske Espevær med kortreiste smakar og historier, og om soga om postkontoret på Espevær som ble opprettet ved Kgl.res. 17.11.1847. Visjonen er dyrka på lokale tradisjonar, historie og smakar som gjev ekte matglede. Søskena Silje, Rollaug og Torstein er oppvaksne på Espevær. Dei har alltid vore sterkt knytte til heimplassen sin. Dei starta firmaet Gamleposten 5444 hausten 2015, og kjøpte det gamle tunet i Garden i november 2015.
Gamleposten 5444 skreddarsyr opplevingane og menyane saman med deg, og ein kan besøka galleri og gardsmatutsal.