Lekve Gard, Hardanger Saft- og Siderfabrikk

  Fotograf: Arturas Gailius

  Fotograf: Arturas Gailius

  Fotograf: Arturas Gailius

  Fotograf: Arturas Gailius

  Fotograf: Anna O. Tokheim

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Anna O. Tokheim
Adresse Øvre Lekve 17
5730 Ulvik
Telefon +47 90122835
Lengdegrad 6.956374
Breddegrad 60.574256

På den tradisjonelle fruktgarden Lekve ligg Hardanger Saft og Siderfabrikk, ein familiedrive fruktgard med produksjon av eplemost, sider og brennevin.

Familiegarden ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking. Frå gamalt av var det både eple, pære, plommer og moreller på Lekve, men i dag er heile garden planta til med eple. Mykje av garden ligg i brattlendt terreng, så her plukkar me alle eplene for hand.

I 2004 satte Nils J. Lekve (4.generasjon) den første kommersielle sidertanken med produksjon av ekte spontangjæra sider frå Hardanger, og i 2006 solte han si første siderflaske på Vinmonopolet. Sidan den gong har det vore god fart i produktutviklinga, og i dag lagar me ulike typar sider, frå tørr, til halvsøt, både med og utan bær, musserande og "still".

Som ein naturleg del av produktutviklinga stod brenneriet klart i 2009, så no produserer me også brennevin av eple og moreller, likør og akevitt. Lagring føregår på eiketønner i brenneriet.

I produkta brukar me berre eple frå Hardanger, anten frå eigen hage, naboens eller frå fruktlageret i Hardanger. Tilsette me frukt og bær kjem desse frå lokale produsentar i Vestland. På denne måten bidreg me til lokal forankring og bærekraftigare virksomheit.

Restråstoffet ved pressing av eple (eplemask) går til lokale bønder, som igjen gir det til kyr og sau. Ein populær ingrediens som seiast å stimulere mjølkeproduksjon og fordøyelse hjå dyra.

Nils har vore ein pioner for moderne norsk sider og ein uttrøytteleg pådrivar og døropnar for å betra vilkåra for sidernæringa. Han var ein av dei som kjempa for at det i 2016 vart tillatt å selge sider frå garden, og som no har gitt liv til ei ny næring i Hardanger.

Me er saman med Syse Gard og Ulvik frukt & cideri, Noregs einaste "Frukt og Siderrute". Her kan du vandra i vakkert kulturlandskap frå sentrum ved fjorden og opp til gardane. I sommarsesongen har me faste tider for smaking med omvising, i tillegg serverer vi siderplanke, som du kan nyte når som helst i opningstida. Gardsbutikken held ope heile året!

Les mer