Ulvik Frukt & Cideri

Verdas beste eple kjem frå Hardanger, sa Ricard Juhlin i TV programmet Nesevis

Mange typar eplemost og sider - utsikt frå Ulvik Frukt & Cideri   Fotograf: Bo Hansen

Eplesidereddik laga av "Sider frå Hardanger" - nytt produkt 2016

  Fotograf: Bo Hansen

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Apalvegen 78
5730 Ulvik
Telefon 91102215
Lengdegrad 6.939086
Breddegrad 60.575197

Ulvik Frukt og Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger. Bedrifta er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse. Har open gardsutsal kvar vekedag (ikkje sundag) kl 09.00 - 18.00 - Sal av mange typar eplemost,musserande eplemost, eplesidereddik, aronia, griegs suits dessertsjokolade , fleire typar sider m alkohol 4,7 % og fleire typar 7,5% (Gravenstein, Kvitanesen, Hylleblomsider)

Me har over 20 eplesortar som gjev stor variasjon i smak.(Ein "vanleg" fruktdyrkar i dag har 4-5 eplesortar). Me har vanlege sortar som er i handelen, mange "gamle" eplesortar som har meir syre og tannin og nokre engelske/franske sidereplesortar. Gul Gravenstein er merkesorten vår og er utgangspunktet for mange av sidrane våre. Me lagar 8 ulike eplemostar , 5 ulike sidrar , eplesidereddik og helsedrikk av Aroniamost. I tillegg me moreller frå medio juli/august og eple frå slutten av august til jol.

”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta våre.

Les mer