Adresse | Bjerkem, Såseggvegen 399 7718 STEINKJER |
Telefon | 97562667 |
Lengdegrad | 11.636782 |
Breddegrad | 63.978814 |
Kulturgården Bjerkem har vore i same slekt i mange generasjonar. Dei har tatt vare på og brukt kulturarven aktivt, og har unike historier å fortelle.
På Bjerkem kan du oppleve teater, konsertar, utstillingar, møter, kurs og seminar. Før jul går familieforestillinga «Julestemning» for fulle hus på Gammellaving og om sommaren tar bunad og kunstinteresserte seg turen innom for å sjå sommarutstillinga. Sjekk heimesida www.bjerkem.com for opningstider og billettbestilling.
Dei stemningsskapande lokala på gården gir ei heilt spesiell ramme for opplevingar både til arbeid og fritid. Det er også mogleg å leie lokala for dåp, konfirmasjon, bryllaup og minnestundar.
Bjerkem er eit økologisk gårdsbruk som serverer lokal og økologisk mat. Dei dyrkar korn frå gamle kornsortar og produserer økologisk mjølk og kjøtt. Dei deler gjerne både erfaringar om økologisk drift og kompetanse om kva verdiar som ligg i dei økologiske produkta. Har du, eller kjenner du nokon som av ulike årsaker har problem med fordøyelsa, kan Bjerkem vere vel verd å besøke.
På Bjerkem finn du også Bunadburet som er produsenten for bunaden frå Nord-Trøndelags som bygger på den rekonstruerte draktskikken i Nord-Trøndelag frå tida 1790 – 1830. Berit Bjerkem har gjennom ei årrekke registrert gamle plagg i heile fylket, og ho sit på ein unik kompetanse for alle som er interessert i klede og historie.