Sølvgarden Hotell & Feriesenter

Restaurant

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Torfinn Rysstad
Adresse Sølvgarden
4748 Rysstad
Telefon 37936130
Lengdegrad 7.540917
Breddegrad 59.091319

Sølvgarden Hotell & Feriesenter er det nyaste innan reiselivstilbodet i vakre Setesdal. Hotellet ligg strategisk plassert midt i dalen, der vegane mellom aust og vest (Oslo-Stavanger) og nord og sør (Kristiansand-Bergen) kryssast. Hotellet minner deg kanskje om eit lite eventyrslott der du får ein kombinasjon med setesdals- kultur og tradisjonar.

Sølvgarden Hotell er klassifisert til 4 stjerner og tilbyr lyse og moderne rom med gratis internett, tv og eige bad med dusj.Vi har enkeltrom, dobbeltrom og romslege familierom. Fleire av roma har balkong. Hotellet har også ei spesielt flott tårnsuitte med utsikt til elva Otra.

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande.
På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.
Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med oss og me lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.

Sølvgarden tilbyr også velutstyrte konferanserom og møterom.

"Ein smak av Setesdal" er ei populær opplevingspakke der opphaldet vert krydra med lokale smaksopplevingar og eige kulturprogram med nokre av Noregs beste tradisjonsberarar.

I Sylvsmia på hotellet vert det laga sylv til bruk på alle bunadane i Telemark, Agder og Setesdal. Det meste av bunadssylvet vert i dag laga på bestilling, men i utsalet vårt i Sylvbui, vil det alltid vere eit tilbod til deg som er på gjennomreise. Vi lagar også smykke som kan brukast på vanlege klede. I butikken finn du i tillegg eit utval av varer frå leiande norske produsentar, blant anna suvenir, interiør- og gåveartiklar. Spør oss gjerne om eit besøk på sylvverkstaden, for å få demonstrert det gamle handverket!

Les mer