Billingen Seterpensjonat

  Fotograf: Sverre Olav Sebjørnsen

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Skjåkvegen 4073
2690 SKJÅK
Telefon 91357036
Lengdegrad 7.869533
Breddegrad 62.006731

Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrleg pusterom, berre eit steinkast frå rv 15. På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat – og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfrihet og tømmerveggar med sjel. Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen, stigen som er ein hyllest til lyrikaren Jan Magnus Bruheim med tavlar som inneheld utdrag frå diktinga hass. Dette kan vere ei filosofisk vandring, der ein kan ta seg tid til å reflektere over dei store og små tinga i livet.

På Billingen Seterpensjonat kan du både ete og kjøpe med deg lokalprodusert mat frå garden vår, Stensgård, eller frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat. Mat laga med hender og hjarte. Arnstein er ivrig jeger og vilt frå området står alltid på menyen. Opplev ein smak av Skjåk og Gudbrandsdalen laga med hender og hjarte.

Les mer