Visnes Hotel Stryn

Miljøfyrtårn Olavsrosa
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Prestestegen 1
6783 Stryn
Telefon 90854362
Lengdegrad 6.707795
Breddegrad 61.897845

Velkommen til Visnes Hotel Stryn. Eit historisk hotel frå 1850, der mykje av den gamle historia er bevart. Ei unik oppleving i storslått natur! Visnes Hotel Stryn ligg 500 meter frå Stryn sentrum og midt i mellom dei store attraksjonane på Vestlandet. Eit opphald på Visnes Hotel Stryn kan by på mange inntrykk frå dei vestnorske fjordane med sin unike natur og kulturopplevingar. Hotellet har 19 rom, alle innreidd i ulik stil med inspirasjon frå mellomkrigstida. Nytt frå 2020 er at vi har fått 4 nye store familierom på loftet på den ny restaurerte låven på tunet. Frukosten serverast i den historiske spisesalen, der vertskapet ynskjer velkommen til ein god start på dagen med heimebaka brød og ein prat om dagens utflukt. Restauranten og altanen er samlingspunkt om kvelden, der vi serverer norsk mat til middag kvar kveld i sommarsesongen. Det er kort veg å rusle ein tur inn til sentrum i Stryn, gjerne via «gamlebrua» og langs Stryneelva.

Visnes Hotel har tradisjon tilbake til 1850 som overnattingsplass og serveringsplass i Stryn sentrum. I 1850 vart det starta opp med overnatting på storgarden Visnes i Stryn. Garden låg sentralt til med tilkomst både frå fjorden og landevegen. Etterkvart vart gardshuset bygd på, og på 1920-1930 talet, vart hotellet bygd opp som det framstår i dag med den kjente fasaden i sveitserstil.

Våren 2014 kjøpte ekteparet Marit og Arvid Otterdal Visnes Hotel, etter at 6 generasjonar Visnes hadde eigd og drive hotellet. Dei ynskjer å vidareføre den tradisjonelle drifta, med overnatting, servering og selskap. Hotellet har 19 rom, alle innreidd i tradisjonell stil frå mellomkrigstida med komfortable bad.

Den store spisesalen har kapasitet til selskap opp til 100 personar,og mange bryllup og åremålsdagar har vore feira på Visnes Hotel opp gjennom tidene. No kan vi, frå hausten 2020, også ta i bruk den nyrestaurerte låven til arrangement og møter. Her vil det også bli låvedans etter bryllaupsmiddagen!

Restauranten held ope kvar kveld på sommaren , og byr på ein meny med gode norske råvarer. Hjort, aure, grønnsaker og bær vert henta direkte i bygda.

Sjå nettsida vår for meir informasjon !

Helsing Marit og Arvid Otterdal

Les mer