Westerås Gard

Utsikt frå Løsta

Vertskap Iris og Arnfinn Westerås   Fotograf: Sverre Chr. Jarild/Lysbordet;

Storseterfossen   Fotograf: Sverre Chr. Jarild/Lysbordet;

6-manns hytte   Fotograf: Ståle Vadtø

Gardshuset med 2 leiligheter   Fotograf: Ståle Vadtø

Detalj frå restauranten på låven   Fotograf: Sverre Chr. Jarild/Lysbordet

Vesteråssætra

5-manns hytte   Fotograf: Ståle Vadtø

Restaurant på låven open mai - september.

På forespørsel arr. vi selskap for grupper.

Servering på uteterrassen med vakker oversikt utover bygda.   Fotograf: Johannes Lovund

Restaurant

Bonden viser korleis dei gjorde det når han var ung.

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Iris og Arnfinn Westerås
Adresse Geirangervegen 320
6216 Geiranger
Telefon 92649537 / 93264497
Lengdegrad 7.215335
Breddegrad 62.101051

Velkomen til Westerås Gard i Geiranger! Westerås Gard ligg på Vesterås 4 km frå Geiranger sentrum. Garden har både utleigehytter, leiligheter og ein restaurant på låven, med ei spektakulær utsikt over fjell og fjord. Dessuten er garden eit glimrande utgangspunkt for korte og lange fotturar i fjellet, blant anna til den kjente Storseterfossen du kan gå bak.

Garden har vore i slekta i vertfall sidan 1603 og er eit av tre gardsbruk i Geiranger som framleis er i drift. Vi har både geiter, sauer og nokre lamaer. Vi er stolte av at vi i 2015 fekk kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal. Vi ligg også inn under Vestnorsk Fjordlandskap som i 2005 kom inn på Verdsarvlista på grunn av naturen i område. Vi har ope i perioden mai – september. På låven kan du nyte lunsj, middag eller lettare forfriskningar. Du får også kjøpt lokale produkt som sjokolade, syltetøy, saft og geiteskinn. Ein kan også bestille lunsj/ middag til selskap og arrangement. Hyttene og leilighetene har kjøkken/ hybelkjøkken så ein kan velge om ein vil lage mat sjølv eller bli bortskjemd ved å komme til dekka bord i restauranten. La deg begeistre av fantastisk natur, utsikt og unike opplevingar på Vesterås.

Velkomen til oss!

Iris & Arnfinn
- Vertskap -

Les mer