Melchiorgarden

Grunnkurs traktor må til   Fotograf: pm

Gardshuset   Fotograf: pm

Quizkveld i gardutsalet   Fotograf: pm

Hønesykkelen ...   Fotograf: Torunn

Ut på tur med berneren Bella   Fotograf: pm

Til seters ....   Fotograf: pm

Bringebær til syltetøy,saft, gele - eller rett i munnen...   Fotograf: Ane

Kjesafari i Botnen - flott oppleving i mektig natur

Drikkeklar bringebærsaft frå eigen "plantasje"   Fotograf: pm

ut på tur   Fotograf: tsl

Med snøfrisk og bringebær..   Fotograf: pm

Bondens Marked
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Petter Melchior
Adresse Norddal
6214 Norddal
Telefon 922 83 477 / 926 26 787
Lengdegrad 7.237059
Breddegrad 62.253538

VELKOMEN TIL MELCHIORGARDEN. Garden vår ligg i den idylliske bygda Norddal, som du finn midt mellom kjende Geirangerfjorden og Trollstigen. På garden har vi hund, kattar, høner og 250 mjølkegeiter. Kvar vår vert det livleg i geitefjøsen når 400 nye geitekje kjem til verda og skal takast vare på. På seinsommar og haust plukkar vi bringebær, eple, pærer, rips og andre godsaker. Hjå oss kan du få sjå, smake, oppleve og delta på ein vestlandsgard har å tilby.

Aktivitet - Om sommaren kan du treffe geitene på Herdalssetra, og på "kjesafari" kan du få vere med å fore og godsnakke litt med geitekjea. Vi leiger ut robåt og motorbåt, sykkel kan du låne, og vi hjelper deg å finne den aktiviviteten du vil ha.

Gardsbutikk - Her finn du ulike kjøtvarer laga av eigne dyr, og mange produkt av bær og frukt. Varer frå andre produsentar i bygda finn du og her.

Gardsbesøk - Vi kan ta i mot grupper på inn til 30 personar. Vi tilbyr formidling og servering der produkta og livet på garden vert sett i fokus.

Melchiorgarden er kjent som eige bruk sidan tidleg på 1700-hundretalet. Garden ligg som nummer to frå sjøen, på ”Dalssida”, i bygda Norddal.

Som ein av to geitegardar framleis i drift i Norddal, samarbeider vi om drifta på Herdalsetra, der geitene oppheld seg på sommarbeite. Her leiger vi ”budeier” til å ta seg av mjølking og ettersyn i juli – august. På setra har vi hytte, som vi leiger ut i periodar av vår, sommar og haust.

I 2010 bygde vi ny geitefjøs, med plass til om lag 200 mjølkegeiter. Kjekjøt har vorte ei etterspurd vare, og april månad er høgsesong. Kjea vert slakta anten vår eller haust. Dei første etter om lag seks veker, og har då ei slaktevekt på rundt fire kilo. Kjea som får gå på sommarbeite, og som ikkje skal brukast som mjølkedyr, vert slakta i september. Dei har då slaktevekt på omlag 15 kg.

I tillegg til kjekjøtet lagar vi kokemør og spekemør av reint geitekjøt. Pinnekjøt og spekelår vert produsert i tida fram mot jul, og bør tingast i god tid.

Alle skinn av geit og kje vert garva, og er populære gåveartiklar.

Frå 2003 har vi hatt om lag 5 mål bringebær, og ei avling på mellom 7 og 8 tonn per sesong. I tillegg til fersk konsumbær til butikk, hotell og direktesal frå garden lagar vi saft, sylte og gele av denne fantastiske råvara..

Nytt gardskjøkken med gardsutsal og lokale for besøksgrupper er tatt i bruk våren 2011.

I utsalet kan du og finne varer frå fleire av lokalmatprodusentane i “The Happy End – Norddal”. Denne organisasjonen har som mål å produsere mat, kultur og opplevingar basert på lokale produkt, natur og tradisjonar. Saman kan vi skreddarsy tilbod for større og mindre grupper som ønskjer å kome til oss.

Torunn & Petter

Les mer