Kontaktperson | Solveig Barstad |
Adresse | Flatdalsvegen 1283 3841 Flatdal |
Telefon | 35052143 |
Faks | 35057003 |
Lengdegrad | 8.548387 |
Breddegrad | 59.571136 |
Velkommen til Nutheim Gjestgiveri - "Kunstnarhotellet i Telemark"! Hit kom kunstnerane for å finne inspirasjon. Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen.
Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive hotell i hjartet av Telemark med vakker utsikt over dalar og fjell. Hotellet stod ferdig i 1877 og har vore i familiens eige sidan 1917. Som gammal skysstasjon og ei plassering rett ved E134 har vi lang tradisjon for å ta imot gjester og vegfarande til overnatting og matservering.
Vi har fått kvalitetsmerket Olavsrosa og er medlem av Håndplukket - eit nettverk av spesielle kurs og møtestadar. Vi har eige kapell til vigsle og barnedåp. Vi har ope kvar dag frå april til oktober. i vintermånadane har vi ope for bestilte arrangement, selskap og møter.