Nedrebergtunet

Hauststemning

Holsetra

Holsetra

Skulen i Nedrebergtunet

Nedrebergtunet

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Torild Nedreberg
Adresse Bergsida
6783 Stryn
Telefon 48 03 80 07
Lengdegrad 6.679636
Breddegrad 61.890996

Velkomen til Nedrebergtunet i Stryn.Overnatting i Nordfjordstova og i seter på fjellet. Velutstyrt gardshus frå 1800-talet.Omvising i gardsmuseet, kulturopplevingar og sjølvhushald. Flotte turløyper til fjells heile året. Barnevennleg.

Nedrebergtunet er eit gammalt tun, med nyrestaurerte hus. Tunet ligg med panoramautsikt over Nordfjorden, og er eit flott reisemål heile året. Vi tilbyr overnatting for kortare opphald.

Overnatting i Nordfjordstova høver for mindre grupper. Her er plass til 6 pluss eventuelt ekstraseng.

I Nystova har vi gardsmuseum med stor tekstilsamling, åkle, og andre gjenstandar frå gardslivet på 1800 talet og fram til 1940. Ope for omvising etter avtale.

Området rundt Nedreberg har fint turterreng både sommar og vinter. Stryn tilbyr skiopplevingar både sommar og vinter, og flotte preparerte turløyper om vinteren. Fjella ikring er også fantastiske turmål året rundt.

I skulehuset kan du sitte i fred og ro og lese eller lytte til musikk. Boksamling og platesamling. Høver godt for møte og kursarrangement. Kvar månad er det strikkekafe i regi av Stryn Husflidslag i skulehuset.

Nordfjordstova er og samlingsplass for månadleg krefttreff for kreftråka og pårørande. Det er basert på likepersonsarbeid og er ein del av det frivillege arbeidet i kreftomsorga.

Les mer