Haugen Gardsmat

Fristelse på grillen   Fotograf: www.matprat.no

Utsikt frå produksjonslokala våre i Aurland   Fotograf: Kristine

Tips til grillen :) Lammebollar, tapasbollar og viltbollar er spanande på enkle grillspyd   Fotograf: Sakte

Brekkefossen

Her er tunet vårt, Berkkefossen i bakgrunnen

Maria er klar med varm gryte til sultne gjester :)   Fotograf: Runar Tveiten

Bondens Marked
Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Kristine Grønner Ohnstad
Adresse Haugen
5743 Flåm
Mobiltelefon 91539026
Mobiltelefon 918 03 942
Lengdegrad 7.111566
Breddegrad 60.850065

Få ein smak av den spektakulære naturen rundt deg gjennom heimelaga mat tufta på tradisjon, kvalitet, nytenking og samspel med naturen. Me leverer varer til einskildpersonar, spesialbutikk, hotell og restaurantar og deltek aktivt på Bondens marked i Oslo og Bergen. Me tilbyr servering i grindløa på tunet for større og mindre grupper.

Garden er i utgangspunktet skilt ut av eit hovudbruk som er svært gamalt. På garden er det i dag eit ombygd gamlat våningshus frå 1896 der dei gamle tømraveggene er bevarte. Me har gamle uthus, ny driftsbygning og nytt bygg for foredling av kjøt. Det er no 4. generasjon som driv garden.

Utsalgssted

Spesialiteter.

Produkter av lam, får, svin, kje, hjort og rein. Både ferskt, salta eller salta og røykt kjøt. Spekemat, pålegg og kjøttbollar. Me frittgåande gris som gjev ekstra god smak og høg kvalitet på både ferskt og speka varer. Utvalet varierer med sesongane.

Servering i tunet.

Kanskje du vil en tur på Brekkefossen før lunsj eller middag? Vi er med og legg til rette for ulike aktivitetar på garden og i omgivnadane rundt.

Våre produkter:

Sal av kjøt og kjøtvarer på marknad. Servering i Grindløa på tunet.

Pris: Etter sortsval og avtale
Levering: På Bondens Marked, frå garden eller gjennom butikk. Etter avtale
Betaling: Kontant/giro
Bestilling: Ta kontakt!

Nærøyfjorden er på UNESCO's verdsarvliste og kåra til beste reisemål i år. Her kjem ein nær fjord og fjell, urørt natur og kulturlandskap

Les mer