Matstova

Vi har eit rikt utvalg av salatar og spekemat til vårt koldtbord.

Kafeen vår på Stryn Torg i Stryn sentrum er open heile året med fersk bakst kvar dag. Der kan du få kjøpt alt vi lagar, i tillegg til å kose deg med ein kaffikopp og noko godt til.

Våre populære kaffilefser smurde med smør og melis.

I vårt heimebakeri bakar vi alt sjølve. Her er vår heimelaga fletteloff og flatbrød som vi bruker til blant anna koldtbord og sel dagleg på vårt utsalg.

Vårt nyoppussa lokale har plass til 100 personar.

Nyoppussa lokale vinter 2014

1. Mai frukosten

Kaffilefser

Heimelaga havrekjeks

Skulebollar

Kyllingsalat med ferskt heimelaga brød

Heimelaga makronar som vi lagar med ulike fyll

Kafeen og utsalget vårt i Stryn

Matstova i Oppstryn med produksjons og serveringslokalet.

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Ruth Guddal
Adresse Sandvik
6799 Oppstryn
Telefon 57 87 72 20
Faks 57 87 72 21
Mobiltelefon 90970834
Lengdegrad 7.041464
Breddegrad 61.910437

Matstova er ei familiebedrift som driv med heimebakeri, kafe og catering. Vi bakar lefser, flatbrød og ulike bakverk etter gamle oppskrifter, og har også kafe på Stryn Torg som ligg midt i Stryn sentrum. Der er det ope heile året. Sommarkafeen vår og plassen der vi produserer alle dei heimelaga produkta våre, ligg i Oppstryn like ved Fosnes, omkring 20 km frå Stryn sentrum.

Matstova har drive heimebakeri i over 20 år, og det var tidlegare kalla Strynefjell Draktverkstad då det vart sydd og laga genserar mm. Bygget har etter det vore bygd på 3 gonger, (sist i vinter 2014) og vi har no eit stort lokale med plass til over 100 personar. Uteområdet er også pussa opp og utvida med platting der du kan nyte maten i sola. Vi har også middagsservering i høgsesongen med heimelaga mat. Vi lagar kaker på bestilling og kan servere tre retters middag, koldtbord eller catering om du ynskjer å ha det i ditt eige lokale. Vi har ellers ope for dei som ynskjer å ha barnedåp, konfirmasjon, bursdagar, julebord eller det du måtte ønskje utanom sesongen.

Heile året bakar vi fiskelefser, kaffilefser og flatbrød som er veldig populære her i distriktet og for folk som kjem reisande. Vi sel varene våre heile året på utsalget i Stryn på Stryn Torg. Matstova i Oppstryn har ope 1. Mai der vi har vår tradisjonelle 1. Mai frukost. Der får du eit rikt utvalg av heimelaga mat. 17. Mai har vi middagsservering med blant anna sosakjøt og heimelaga kjøtkaker som er mest etterspurd. Sommarsesongen varer frå midten av Juni til midten av August.


Velkomen til oss!

Les mer