Husabø Vingard

Det spirer bra   Fotograf: Ingar Husabø

  Fotograf: Ingar Husabø

Første innhøsting. Høsten 2023   Fotograf: Ingar Husabø

  Fotograf: Ingar Husabø

Klare for besøk

Overrekking av skiltet :)

Se i kart Bedriftens nettside
Kontaktperson Jon Husabø
Adresse Leitevegen 47
6856 Sogndal
Telefon 91308911
Lengdegrad 6.806109
Breddegrad 61.185204

Me er tre brødre (Jon, Øyvind og Ingar Husabø) som har starta ein vingard her ved Sognefjorden, i Leikanger. Vårt ønske er å utnytta det milde klimaet me har her til å dyrka fram gode vindruer me kan nytta til vinproduksjon. Me har til no planta ut 9 mål med drueplanter, der kvitvin utgjer hovudsatsinga vår. Me har godkjent produksjonslokale, samt serverings- og skjenkeløyve.

Historisk sett har Leikanger vore ein fantastisk plass for frukt- og bærdyrking. Me har både god tilgang på vatn, samt lange, svale sommardagar som gjer at her har ein dyrka alt ifrå eple og pærer, til kål, bringebær, jordbær.
Klimaet her gjer at modningsprosessen går sakte, det gir ideelle vekstvilkår for frukt og bær, som trengst å modnast sakte. Me tenker at dette kan overførast til vin-verdenen, og me har då planta ca 4000 vinstokkar av ulike typar, og planen er at me skal få framifrå druer som grunnlag for produksjon av fantastisk, norsk vin!
Me har planta mest av drua Solaris, som er ei kvitvinsdrue, men me har og andre typar som Rondo, Regent, Riesling, Spätburgunder med fleire.

Me tilbyr omvising på vinmarka, der ein kan få høyra litt om historien til garden Husabø, litt om korleis det er å vera vinbonde så langt nord, og du får smaka på vinane våre. I tillegg får du sjølvsagt kjøpa fleire glas om du tykkjer det smakar bra, og vil rusla rundt mellom vinplantene med eit vinglas i handa, og kanske drøymer du om å bli vinbonde du og når du går der?

Har du lyst på ein omvising med vinsmaking hjå oss, ta kontakt på post@husabovingard.no - så høyrer du ifrå oss :)

Les mer