Adresse | Bygdisheimvegen 17 2953 Beitostølen |
Telefon | 46395551 |
Lengdegrad | 8.793295 |
Breddegrad | 61.330743 |
Sygarden i Hålien er ein liten mjølkegard i grenda Høre i kommuna Vang i Valdres. Om sommaren flyttar me dyra opp til Hålistølen ved Bygdin. Her kan du treffe oss og dyra og du kan kjøpe produkta våre smør, ost m.m. i tillitsbutikken vår.
Sygarden i Hålien er ein liten mjølkegard i grenda Høre i kommuna Vang i Valdres. Me har femten mjølkekyr av rasa vestlandsk fjordfe. Hjå oss går dyra ute året rundt og dei får palmeolje- og soyafritt kraftfôr i tillegg til lokalt hausta gras som rundball eller høy. Me har stort fokus på dyra sin naturlege åtferd og sosiale samvere difor me let kalvane gå i lag med kyrne dei to fyrste månadane.
Hålistølen, rett under Synshorn, har vore i kontinuerleg drift i mange hundre år. Stølen ligg attmed Valdresflya som er nasjonal turistveg over på 1100 moh. Her går kyrne fritt på beite i fjellet og kjem heim morgen og kveld for mjølking. Mjølka foredler me i ysteriet vårt eller sender til TINE. Mjølka som kyrne produserer på fjellbeite er vanvittig god, gul og fylt med helsefremjande feittsyrer grunna det unike artsmangfaldet på fjellet. Produkta frå denne mjølka er heilt unike og gir deg ei direkte smaksoppleving av utmarksbeitet.
På Sygarden har me bygd eit ysteri kor me foredler mjølka vår til ulike mjølkeprodukt. Steikeost er kundane sin favoritt men me har òg smør, rømme, salatost, ferskost, kvarg, ricotta og yoghurt. Produkta våre får du kjøpt i tillitsbutikkane våre ved garden eller på Hålistølen. Her betaler du enkelt med Vipps. Du kan òg ta kontakt med oss så planlegg me eit besøk kor du kan vere med i fjøset, kose med kalvar og sjå litt av kvardagen vår.