Aarvik gard

I stabburet kan ein finne mykje god lokalmat og vår eigenproduserte gardsmat.

Utsikt frå Våganipen mot Norheimsund og Hardangerfjorden som er ein fin tur å gå frå Aarvik.

Fru Aarvik bakar mange ulike slag surdeigsbrød og grovbrød med urkorn frå Holli Mølle.   Fotograf: Vigdis Øvreeide

Kystgeitene våre likar godt valsa korn og kan gjerne bli litt rampete om ikkje dei får mat med ein gong.   Fotograf: Ranita Styve Aarvik

Otraneset ved Bjørnefjorden ligger på gardsbruket og her er det kjempefint å bade, fiske eller berre nyte utsikten.   Fotograf: Ranita Styve Aarvik

Klyngetunet Aarvik gard ved Bjørnefjorden bader i vår-solen.

Me er oppteken av å lage mat i pakt med naturen. Difor kjøper me kun inn råvarar som er dyrka med omsyn til naturen. For å vere ein råvare dyrka i samspel med naturen er det utruleg viktig at det ikkje blir nytta sprøytemidlar eller kunstgjødsel. Planter blir robuste om dei får moglegheit til å bli det i levande og god jord! På gardsbruket vårt er me no i 2. karensår for å bli økologisk sertifisert hos Debio etter at me tok over i 2023. Me gler oss også over å kunne tilby økologisk og handlaga bakst frå det vesle økologiske bakeriet vårt i Løo!   Fotograf: Vigdis Øvreeide

Gamlastovo som står i klyngetunet med Stabburet, Skykkjo og Røykstovo restaureres vinteren/våren 2024 og er klar for utleige sommaren 2024!

Yddal Naturreservat er eitt av dei største og finaste furuskogområda i Vestland Fylke og heng saman med Geitknottane Naturreservat som strekk seg inn i Kvam og Kvinnherad. Bildet er frå fjelltoppen Horga.   Fotograf: Erling Berge

Oldemors Stove har plass til 3 personar og nydeleg utsikt mot Bjørnafjorden   Fotograf: Viktorija Valionyte

  Fotograf: Sofie Hammer

Røykstovo og Gamlastovo (utleiehus) i klyngetunet på Aarvik gard   Fotograf: Sofie Hammer

I kafèen og bakeriet har me mykje forskjellig god økologisk handverksbakst.   Fotograf: Sofie Hammer

Kjøkenet inne i Gamlastovo som me restaurerte i 2024. I det gamle tømmerhuset frå 1823 er det plass til 6 personar tilsaman.   Fotograf: Sofie Hammer

Soverommet i Gamlastovo, der ein får sove på gode handlaga økologiske madrassar.   Fotograf: Viktorija Valionyte

Gamlastovo i klyngetunet på Aarvik gard   Fotograf: Viktorija Valionyte

I bakeriet lages det mykje godt med råvarar frå gardsbruket.   Fotograf: Viktorija Valionyte

Bakeriet og kafèen har me inne i den gamle løo få 1866.   Fotograf: Viktorija Valionyte

Debio Godkjent
Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Aarvik gard, Årvikvegen 35
5647 Baldersheim
Telefon 92401099
Lengdegrad 5.760291
Breddegrad 60.13795

Aarvik gard ligger like ved den store og vakre Bjørnefjorden. Her kan dere overnatte i Gamlastovo frå 1820 eller i Oldemors Stove. På gardsbruket er det eit økologisk handtverksbakeri og kafè i løo der vi bakar mykje forskjellig søtbakst og surdeigsbrød på urkorn. Me dyrkar også grønnsaker, bær og frukt og dere kan få hilse på kystgeitene, minigriser, påfugl, kaniner og høns. Aarvik gard er et levende eksempel på bærekraftig landbruk og er ein unik mulighet til å oppleve den vakre naturen og kystlivet ved Bjørnefjorden.

Som gjestar på Aarvik gardl får dere oppleve korleis det er å vere på eit småbruk og leve i pakt med naturen. Dere får nyte roen og komme til dere selv ved å bu på ein plass der tida går sakte og naturen omringer ein på alle kantar.

Her får dere sove godt på økologiske Sleep on Nature madrassar og våkne til fuglekvitter og bølgebruset i Aarvika. Og her får dere nyte god og økologisk mat i kafèen med nybakte surdeigsbrød og boller frå bakeriet vårt.

Vår filosofi er å gi like mykje tilbake som me haustar frå naturen, og anerkjenne at me er ein del av naturen og naturens kretsløp og sesonger. Me meiner det er viktig å ta vare på og bygge opp jorda og ikkje utnytte ho av omsyn til naturen sjølv, men også framtidige generasjonar. Her dyrkar me mat utan å pløye jorda, og tar vare på det biologiske mangfaldet ved å ikkje nytta sprøytemidlar eller kunstgjødsel.

På gardsbruket har me ein liten geiteflokk av den bevaringsverdige Kystgeita som hjelper oss med å halde kulturlandskapet, i tillegg har me høns, påfuglar, løpeender, kaniner og minigrisar.

Om sommeren er det travelt på bruket, då er det høgsesong for det meste, både i bakeriet, kjøkenhagen og i tillegg er det viktig å tørke og ta inn gras slik at dyra har vinterfôr. De kan vere heldige å sjå oss slå gras med langorv og stuttorv (ljåslått) i dei bratte og typiske Vestlandske bakkane våre, og om de har lyst er det berre å vere med og hjelpe oss med slåtten, men det er høgst frivillig!

Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til å nyte den vakre plassen på småbruket vårt og me gler oss over å få dele vårt vesle paradis med dykk!

Hjarteleg velkomne til Aarvik gard

Alt godt,

Fru Aarvik og familien

Les mer