Stavang Rorbuer

Se i kart Bedriftens nettside
Adresse Stavangvegen 19 og 32-36
6944 Stavang
Telefon 91133022
Lengdegrad 5.17878
Breddegrad 61.535498

Ein gong kom vi frå havet. Fisken leika langs båtripa, sola glitra i vassflata. Langt der inne mellom mjuke sanddyner steig landet fram, grønt under smeltande is. Jorda var lun og lett å dyrke. Havet var òg ein åker, blå mellom berga.   Tida ventar på deg, her ute. Under den vide himmelen, over det blanke havet finst spor å fylgje.   Ti tusen år gamle spor langs vegar som vil setje nye spor.  I deg. Sola, regnet og vinden. Havet, jorda og skogen. I våre komfortable og eksklusive rorbuer er du omkransa av livskrafta i naturen. Gamle grindverk ber både på hus og historier. Blankt av elde skin treverket i lyset frå himmel og hav så langt du kan sjå. Fjell og øyer viser veg i alt det blå. Slik finn du fram til Stavang, som fjordfolk og havfolk før deg.


Utleige av rorbu


Båtutleige: I eiga kai rett ved Stavang Rorbuer ligg 4 båtar til utleige. Dei er utstyrt med redningsvest og fiskeutstyr. Ved kaia er det tilrettelagt med egen sløyeplass og frysar med god kapasitet til dagens fast. Ta kontakt for å bestille båt.




Her er noen forslag til oppdagelser

ØYHOPPING med taxibåt eller lokal hurtigbåt

Hav & fjord\ Svanøy

Svanøy har ruteanløp, gjestehamn, kro og landhandel og er ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande. På Svanøy Handel kan du kjøpe lokalmat frå Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter, få gratis turkart og leige syklar. Svanøy har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futsete med gruvedrift, haugianarar og restar etter vikingtida. Svanøy Hovedgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter må du få med deg når du besøker Svanøy. Ein sykkeltur rundt øya er ei flott oppleving.

Øya Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irr grøne, grasdekte øya Kinn. Oppdag Kinnakyrkja, Kinn Galleri Malarhuset og den ikoniske Kinnaklova.

Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca 15.000 menneske her og på omkringliggande øyer i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn.

Rundtur Skålefjell og Hornfjellet

Frå toppen av Skålefjell 765 moh kan du nyte utsikta mot Førdefjorden, øyane ute i vest og Høydalsfjorden. Rundturen tek til på «Vetleplassen». Ein stor parkeringsplass på venstre sida av vegen like før Stavang, når du kjem frå Eikefjord. Den merka stien går i variert terreng, og er til tider kupert. Landskapet endrar seg i takt med høgdemeterane og utsikta fantastisk.

Les mer