Adresse | Høgemovegen 8, 6876 Skjolden 6876 6876 Skjolden |
Telefon | 92222712 |
Lengdegrad | 7.606378 |
Breddegrad | 61.49294 |
Skjolden Sideri held til midt i Skjolden, innerst i Lustrafjorden, oppå høgdedraget der ein har utsyn ut Lustrafjorden og innover Mørkridsdalen og Fortunsdalen. Her har me frukthagen vår, som på folkemunne har vore kalla Edens hage sidan århundreskiftet, då Saftkongen i Sogn, Hallvard Drægni planta dei fyrste frukttrea sine her. Her ynskjer me å produsera handverkssider og mostar av høg kvalitet.
SIDER - Skjolden Sideri lagar fleire typar sider, både tørre og halvtørre, med og utan smakstilsetningar som bær. Utvalet kan variera frå år til år, men me vil alltid ha Aroma & Gravenstein, Aroma Rose og ein sider basert på Discovery.
JUICE - Syndig god eplemost er 100% rein eplemost. Me lagar mostar av reine eplesortar.
UTSAL- Me sel sider og eplemost frå gardsutsalet.
Utsalet vårt ligg midt i Edens hage. Tak kontakt om du ynskjer å kjøpa eplemost eller sider. Me tek imot grupper/ smakingar etter avtale.